Aktiviteter ved Viki Fjordcamping ved Sognefjorden i Luster, 36 km fra Sogndal

Aktivitetar

Aktivitetar på Viki Fjordcamping

På Viki Fjordcamping kan du oppleva Sognefjorden på nært hald. Me leiger ut motorbåt;  gratis robåt, pedalbåt og kano for overnattande gjester. Me leiger og ut  enkelt fiskeutstyr. Her er kort veg frå campingplassen til turstiar i fjellområdet rundt Høyheimsvik.

Aktivitetar i nærleiken

  • Høyheimsvik er eit flott utgangspunkt for mange fotturar i Lustrafjella, sjå Den Norske Turistforening
  • Lustrabadet i Gaupne, badeanlegg med  barnebasseng, sklier, 25 meter basseng, velværeavdeling med grotte, varmebasseng, badstover og utekulper www.lustrabadet.no
  • Brevandring, Fiske, Juvvandring og  Fjellvandring, sjå Fjord Active
  • Feigefossen: 218 Meter høg foss på andre sida av  Lustrafjorden
  • Besøk Urnes Stavkyrkje, den eldste stavkyrkja i Noreg, sjå Urnes Stavkyrkje
  • Jostedal Breheimsenter like ved Nigardsbreen, sjå Jostedal  Breheimsenter
  • Opplev Sognefjellet, nasjonalparkar, den høgaste fjellovergangen i Nord-Europa med storslagen utsikt mot Hurrungane. Sjå Sognefjellet
  • Sogn Skisenter på Hafslo, skitrekk for alpint og preparerte langrennsløyper om vinteren.  Sykkelløype på sommaren.  sjå Sogn Skisenter